Hopp til innhold

Rbnett: Valdtektsmistenkte Sarr seier han vil møte i retten

Valdtektsmistenkte Babacar Sarr seier til Romsdals Budstikke at han likevel vil møte i retten. Ankesaka har vore utsett fleire gonger og Sarr er etterlyst av Interpol.

Eliteserien fotball 2018, Molde - Brann.

Den senegalesiske fotballspelaren Babacar Sarr er etterlyst av Interpol og har førebels ikkje møtt til ankesaka. Han er skulda for valdtekt, men hevdar framleis si uskuld.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Det er lokalavisa Romsdals Budstikke som har klart å få tak i den tidlegare Molde-spelaren Babacar Sarr (30). Ifølgje avisa seier mannen at han no vil kome tilbake til Noreg for å møte i retten. Det skjer etter at ankesaka mot han har vore utsett fleire gonger, ifølgje politiet fordi Sarr ikkje har møtt. Topp-spelaren har også vore internasjonalt etterlyst gjennom Interpol.

– Eg har ikkje rømt for å gøyme meg. Ein profesjonell fotballspelar kan ikkje gøyme seg nokon stad, seier han til lokalavisa.

Her forklarer han fråveret sitt dels med mangel på visum og dels med at han var avhengig av andre, som ikkje kunne møte.

Frifunnen, men dømd til erstatning

Den senegalesiske fotballspelaren, som tidlegare spelte for Molde, blei frifunnen for sovevaldtekt i 2018, men dømd til å betale erstatning til den fornærma kvinna.

Aktor ba om fire år, men fekk ikkje medhald. Retten meinte likevel at bevisa var så sterke, at fotballspelaren måtte betale erstatning.

Babacar Sarr seier til Romsdals Budstikke at han ikkje har tvunge nokon til sex, og hevdar dermed framleis si uskuld.

NRK har så langt ikkje lukkast med å få kommentarar frå advokaten til Sarr, Mette Yvonne Larsen.

Mette Yvonne Larsen

Mette Yvonne Larsen representerer Babacar Sarr i retten.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Har prøvd det vi kan

Kvinna sin advokat, John Christian Elden, er knapp i sin kommentar.

– Vi synest det er flott om han no kjem og kan dømmast for den valdtekten han er tiltalt for å ha utsett min klient for. Han kan ikkje halde fram med å unndra seg straffa, seier han til NRK.

John Christian Elden er advokaten til Mazyar Keshvari.

Advokaten til kvinna, John Christian Elden, seier det er flott om Sarr no dukkar opp.

Foto: Nadir Alam / NRK

Aktor Ingvild Thorn Nordheim svarar ikkje på om ho faktisk trur at han dukkar opp no. Sarr er internasjonalt etterlyst, og Nordheim seier dei har gjort det dei kan for å kome i kontakt med han.

– Han har ikkje kome frivillig før, og vi har prøvd det vi kan for å få tak i han, utan at han har svart, seier ho. Ho seier det per no ikkje er beramma noko ny ankesak, men at det vil bli gjort så fort som råd dersom han faktisk kjem tilbake til Noreg frivillig.

Ingvild Thorn Nordheim

Statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim er aktor i saka mot Sarr. Ho seier han framleis er internasjonalt etterlyst.

Foto: Remi Sagen / NRK

Les også:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL