Hopp til innhold

Valle går for Molde

Nestleiar i styret, Paul Steinar Valle, seier han legg vekt på robuste fagmiljø med sterkt rekrutteringsgrunnlag i si vurdering. Han vil difor stemme for Molde. Han understrekar at det er viktig å bygge felleskapskjensle for sjukehuset for at det skal bli vellukka. Dermed er det berre styreleiar Ola H. Strand som ikkje har uttalt seg i saka.