Hopp til innhold

Valldaljordbær er nesten utan konkurranse

Prisane på jordbær frå Valldal på Sunnmøre kjem truleg til å halde seg høgare enn i fjor. Valldal har nemleg lite av soppen som øydelegg jordbæravlingar fleire andre stader i landet.

Jordbær i Valldal

I Valldal på Sunnmøre er det fullt av friske bær i åkrane. Dei har hatt lite av soppen som øydelegg for jordbærbønder elles i landet.

Foto: Nils Atle Sundnes / NRK

– Den bilen skal til Søre Sunnmøre, den skal til Ålesund og den skal til Ørsta/Volda.

Harald Valle, dagleg leiar i Valldal Grønt
Foto: Berge Myrene / NRK

Harald Valle, dagleg leiar i Valldal Grønt, står på parkeringsplassen utanfor fabrikken og peikar på ein rekke bilar som står klare til å frakte jordbær ut til kundar over heile Sunnmøre. I mellomtida blir kasse på kasse med ferske jordbær lasta inn i bilane.

I Valldal er jordbærbøndene nemleg ikkje plaga med muggsoppen gråskimmel som øydelegg avlingar både på sør- og Austlandet. Bær frå Valldal får dermed mindre konkurranse i marknaden og prisane held seg høgare enn normalt.

– Vi ser at prisane har stabilisert seg. Vi får vanlegvis ein nedgang i pris på denne tida på grunn av store volum, men det har ikkje skjedd så langt, seier Valle.

Lite muggsopp i åkrane

Valldal jordbær

Jordbærbøndene i Valldal er ikkje plaga av mykje gråskimmel denne sesongen.

Foto: Berge Myrene / NRK
Aksel Døvning, rådgjevar i Norsk Landbruksrådgjeving.

Aksel Døvning, rådgjevar i Norsk Landbruksrådgjeving, seier at jordbærbøndene i Valldal var heldig med vêret under blomstringa i år.

Foto: Berge Myrene / NRK

I jordbæråkrane er plukkarane godt i gang, og du skal leite lenge før du finn den skadelege muggsoppen her. I år er det så lite mugg at det ikkje er noko problem.

– Åkrane våre ser veldig bra ut, men vi finn alltid litt gråskimmel på bæra, seier jordbærbonde Hegelin Waldal.

Bøndene i Valldal meiner det er viktig å finne årsaka til at gråskimmel spreier seg sjølv om dei no haustar jordbær i store mengder, og akkurat i år ikkje plages av soppskadar.

– Vi har stor sympati for dei som mistar store delar av avlinga si, det er forferdeleg, seier Waldal.

I Valldal var dei heldige med vêret i år. Det er ein av hovudgrunnane til at åkrane nesten er utan muggsopp.

– Det var ganske tørt i blomstringa og det er gunstig for bæra og lite gunstig for soppen, seier Aksel Døvning, rådgjevar i Norsk Landbruksrådgjeving.

Stor etterspurnad

Jordbæra frå Valldal blir ikkje spesielt billige i år, men etterspurnaden er likevel stor.

Hegelin Waldal

Det er stor etterspurnad for jordbær frå Valldal.

Foto: Berge Myrene / NRK

– Alle blir veldig glade når vi kjem. Det er året høgdepunkt når Valldal-bæra kjem, seier Stian Røyset i Røyset transport.

Og med mykje bær i åkrane kan det bli ein knallsesong for jordbærbøndene i Valldal.

– No har sesongen akkurat starta og det er mykje å fin bær i åkrane, så det ser ut til å bli ein fin sommar, seier Hegelin Waldal.