Hopp til innhold

Valgets kval i Rindal - har tre alternativ

I desse dagar blir det avgjort kva veg Rindal skal gå. Folket skal seie si meining om kommunen skal bestå som i dag, slå seg saman med naboar i sør eller om blikket skal bli vendt nordover.

Kva veg skal Rindal gå?

Rindalingane skal ta stilling til både kommune- og fylkesstruktur.

Foto: John J. Storholt

I dag er siste dag i folkerøystinga i Rindal. Og i tillegg til «null-alternativet» som det heiter viss ingen ting blir forandra, så har kommunen to alternativ til samanslåing. Det er anten med Surnadal og Halsa, eller med trøndelagskommunane Agdenes, Meldal, Orkdal, Rindal, Skaun og Snillfjord.

Stort forarbeid

På Rindalsskogen starta valet i går

Vel 260 nytta høve til å røyste på Rindalsskogen i går.

Foto: John J. Storholt

Før folkerøystinga har Rindal kommune allereie gjennomført ei spørjeundersøking blant eit stort utval av dei over 18 år. Det har og vore folkemøte og møte med utvalde grupper, samt ei høyring der det har vore mogleg å kome med skriftlege innspel.

Førehandsrøystinga har halde på ei stund og i går starta folkerøystinga på Skogsletta. Vel 260 gav si røyst på Rindalsskogen i går, og i tillegg har det kome inn over 100 førehandsrøyster.

I dag skjer det meste på Rindalshuset.

Ordførar Ola T. Heggem frå Senterpartiet seier førehandsrøystinga lovar godt med tanke på deltaking.

– Fram mot folkerøystinga har engasjementet tatt seg opp, seier Heggem, og viser både til avisinnlegg og deltaking på folkemøta.

Søknaden ligg inne

Sjølv har ordføraren signalisert at han ønskjer å bli trønder. Han trur det kan ha vore med på å auke engasjementet, sidan ikkje alle er samde. Han har og vore kritisk til heile reforma, og kjem sjølv til å røyste for at Rindal består som i dag.

Klart for ny storkommune

Ola T. Heggem (t.h) ønskjer at Rindal skal stå åleine, men har gardert seg med ein intensjonsavtale med Surnadal og Halsa. Her saman med naboordførarane Ola Rognskog og Lilly Gunn Nyheim.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Eg ser likevel gode argument for alle dei tre alternativa vi har.

22. juni skal kommunestyret vurdere det som i dag kjem fram i folkerøystinga. Men allereie har kommunen inne ein søknad i departementet om å byte fylke.

– Trondheim er byen for oss som kjem frå Rindal, seier Heggem.

Ifølge ordføraren har mange har sterk tilknyting nordover. Kor mange blir klart i folkerøystinga.

– Av aktuelle saker som går føre seg i fylkesting og liknande, er det langt meir av det som skjer i Trøndelag enn det som skjer i Møre og Romsdal som angår den jamne Rindaling.