Den då 20 år gamle kvinna sovna på ein sofa medan festen pågjekk rundt henne. Då hadde ho drukke halvparten av ei heilflaske vodka. Etter ei stund ville resten av festdeltakarane ta seg ein tur ut. Igjen i huset var den no 34 år gamle mannen og den sovande kvinna.
Prøvde å protestere
Mannen la seg på sofaen saman med kvinna og gjennomførte valdtekten. Undervegs vakna kvinna og ba han stoppe, noko han ikkje gjorde. Etterpå forlot kvinna huset, men sa først til mannen at ho oppfatta det som hadde skjedd som ei valdtekt. Gåande på veg heim, blei ho plukka opp av nokre venninner i bil. Då var kvinna djupt fortvila og opprørt og fortalde venninnene kva som hadde skjedd.
Skulda på kvinna
34-åringen frå Vestnes har på si side nekta for at har har valdtatt kvinna på denne privatfesten i 2003. Han meiner at det einaste som kan ha skjedd, er at kvinna skal ha forgripe seg på han, medan han sov. Dette meiner retten er fullstendig usannsynleg. Retten legg vekt på biologiske funn på kvinna sine klede, og ikkje minst på den reaksjonen ho fekk etter overgrepet.
Skjerpande forhold
Retten meiner det er skjerpande at overgrepet skjedde medan kvinna sov, og dermed ikkje kunne gjere motstand. Ytterlegare skjerpande er det at mannen ikkje stoppa då kvinna vakna og klart ba han slutte.
Lagmannsretten opprettheld fengselsstraffa frå Tingretten på to år og to månader, medan dei valde å heve erstatningsbeløpet frå 70 000 til 100 000 kroner. 34-åringen tok tenketid på spørsmålet om han ville anke.