Hopp til innhold

Valdtektsdømd tatt med falsk pass

Ein 30 år gamal mann vart i dag pågripen med falsk pass når han var på veg ut av Europa, det skriv Romsdals Budstikke. Mannen vart dømd for i valdtekt av ei jente saman med to andre, men anka dommen. I dag skulle ankesaka starte, men vedkommande var altså på veg ut av Europa. Ifølgje avisa blir han no straffa for å ha brukt falsk pass i Nederland, før Noreg vil be om å få han utlevert.