Hopp til innhold

16 år gamal jente valdteken på fest

Ei 16 år gamal jente har meldt frå om at ho vart valdteken på ein fest i Kristiansund natt til fredag. Ein 19 år gamal mann er sikta i saka.

Kristian Gundersen

Kristian Gundersen ser alvorleg på saka.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Ei 16 år gamal jente har meldt frå til politiet om at ho vart valdteken på ein privat fest i ei leilegheit i Kristiansund natt til fredag. Jenta meldte først frå til politiet søndag.

Politiet pågreip då ein 19 år gamal gut og sikta han i saka.

-Det var ein del personar som var innom på festen, så vi har tatt avhøyr av fleire vitne, seier Kristian Gundersen. Han er leiar ved etterforskingsseksjonen hos politiet i Kristiansund.

Jenta vart undersøkt på sjukehus, og politiet har vore i leilegheita der valdtekta skal ha skjedd, for å sikre seg spor.

I går vart mannen sett fri frå varetekt, men han har besøksforbod mot jenta.

-19-åringen erkjenner ikkje straffskuld, seier Gundersen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL