Hopp til innhold

Valdsepisode i Ålesund

Éin person sit i avhøyr og ein annan ligg skadd på sjukehus etter ein valdsepisode i Ålesund tysdag morgon.

Ålesund

Valdsepisoden skjedde i dette området i Ålesund like før klokka fire tysdag morgon.

Foto: Terje Reite / NRK

Det var om lag klokka 5.50 tysdag morgon at politiet fekk melding om ein valdsepisode i sentrum av Ålesund.

To personar krangla i ein trappeoppgang. Den eine personen slo den andre. Og den eine personen ramla så i trappa, får NRK opplyst på politivakta i Ålesund.

Den eine personen blei skadd og blei henta av ambulanse. Skadeomfanget er uvisst, men det skal, ifølgje politivakta, ikkje vere snakk om livstruande skadar.

Personen som ikkje er på sjukehus er teken inn til politistasjonen i Ålesund for avhøyr.