Hopp til innhold

Vald, skadeverk og stein gjennom vindauget

Både på Sunnmøre og i Nordmøre og Romsdal hadde politiet nok å gjere natt til søndag.

Politibil - illustrasjon

Illustrasjonsfoto: Politiet i Møre og Romsdal hadde det travelt natt til søndag.

Foto: Illustrasjonsfoto / Scanpix

I Sunndalsøra vart ein stein kasta gjennom eit stovevindauge på eit bustadhus klokka 05.20 natt til søndag.

– Bebuarane låg og sov då hendinga skjedde og opplevde det som uhyggeleg. Ingen vart skada, seier Tove Anita Asp, operasjonsleiar i Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Politiet veit så langt ikkje kven det er som står bak ruteknusinga, men saka blir meldt til politiet.

Vald mot politiet

I Fræna mått politiet i natt ta hand om ein mann som ikkje klarte å ta vare på seg sjølv. Mannen vart sint og utførte vald mot politiet. Han blir meld for forholdet.

Urinerte på gata der det gjekk folk

Ein mann i 20-åra blir meldt av politiet etter at han stod på ein veranda i Ålesund sentrum og urinerte ned på gata der det gjekk folk.

Vald

To personar tok kontakt med politiet natt til søndag etter at dei hadde blitt utsett for vald på Harald Torviks plass i Ålesund. Den eine har mogleg knekt nasen. Politiet har spor å gå etter, men ønsker tips frå publikum.

Klokka 01.40 hevda ein mann i Ålesund at han har blitt utsett for vald, med slag i ansiktet. Politiet har informasjon om kven som skal ha gjort dette.

I Ørsta oppstod det slåsting mellom to personar ved ein utestad like før klokka tre. Begge vart vist vekk frå staden. Sak blir oppretta.

Det var også tilløp til slåsting to ulike stadar i Sykkylven sentrum natt til søndag.

Laster Twitter-innhold

I Kristiansund kom to menn i klammeri på ein utestad like før klokka 02.00. Krangelen førte til kutt i nase og skade på tenner på den eine av dei to involverte. Det er uklart om saka blir meldt tol politiet. Seinare vart ein annan mann i 20-åra slått uprovosert av ein annan mann i 20-åra, utanfor ein utestad. Mannen vart ikkje skada, men vil melde saka til politiet.

Laster Twitter-innhold

I Fræna vart ein mann i 30-åra henta av ambulanse etter å ha blitt utsett for vald og spark. Mogleg brotskadar.

Skadeverk

Like før klokka halv tre vart ei bakrute knust på ein parkert bil i Ålesund. Politiet har ingen informasjon om gjerningsmannen.

Litt seinare vart eit vindauge i ei dør knust i Kirkegata i Ålesund. Gjerningsmannen er kjent.

Klokka halv fem vart ein mann i 20-åra observert av politipatruljen i Ålesund idet han hoppa på parkerte bilar på Utstillingsplassen. Mannen hadde gjort skade på fleire bilar.

Like før klokka halv seks fekk politiet i Ålesund tips frå publikum om at ein mann gjekk langs ein rekke parkerte bilar og slo ruter og karosseri. Fem bilar hadde fått bulkar, øydelagde vindaugsviskarar og spegel. Ein mann i 20-åra vart arrestert og sett i arresten.

Promillekøyring

I Averøy er ein mann i 20-åra sikta for å ha flytta ein bil i alkoholpåverka tilstand. Det vart tatt blodprøve av mannen som blir meldt for forholdet.

I Fosnavåg vart ein mann tatt med 2 i promille etter tips frå publikum.

Trafikkuhell

Ein 19 år gamal mann vart sendt med helikopter til St. Olavs Hospital i Trondheim for undersøking etter ei utforkøyring i Aure natt til søndag. Politiet mistenker promillekøyring.

Mannen skal ikkje ha blitt alvorleg skadd i utforkøyringa og vart seinare utskriven frå sjukehuset,

Feststøy

I Skodje fekk ein mann i 40-åra åtvaring for å ha spelt for høg musikk og for å ha forstyrra natteroa. I Ulsteinvik vart ein fest avslutta klokka 01.00 på grunn av støy.

Også i Molde og på Åndalsnes måtte politiet avslutte festar på grunn feststøy.