Hopp til innhold

Arrestert for vald mot sambuar

Ein mann i 50-åra vart arrestert av politiet etter ein valdsepisode i Romsdal natt til laurdag.

Politi illustrasjon

Illustrasjon: Ein mann i 50-åra vart natt til laurdag arrestert for vald i nære relasjonar.

Foto: Kyrre Lien/Scanpix

Det var i 03.30-tida natt til laurdag at politiet rykka ut til ein bustad i ein kommune i Romsdal. Der vart ein mann i 50-åra arrestert på grunn av vald i nære relasjonar.

– Valden skal ha vore mot ein person han bur saman med, seier Sigvart Sivertsen, operasjonsleiar for politiet på Nordmøre og Romsdal.

Ser alvorleg på saka

Denne parten melde sjølv frå til politiet om hendinga, og vart ikkje alvorleg skadd. Politiet ser likevel alvorleg på saka.

– Vi tek sjølvsagt slike saker svært alvorleg uavhengig av skadeomfang, seier Sigvartsen.

Mannen måtte overnatte i arresten, og vil bli avhøyrt når det let seg gjere.

– Han blir truleg avhøyrt i løpet av laurdagen når han har blitt edru, seier operasjonsleiaren.

Også den skada parten vil bli avhøyrt av politiet på eit seinare tidspunkt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL