Hopp til innhold

Vaksinert person døydde

Ein eldre person ved ein av sjukeheimene i Kristiansund er død etter å ha fått korona-vaksine. Det opplyser kommunen i ei pressemelding. Statens legemiddelverk og Folkehelseinstituttet er rutinemessig varsla. Kommuneoverlege Askill Sandvik seier det er for tidleg å seie om dødsfallet skuldast ein reaksjon på vaksinen. Dei siste dagane er 133 personar vaksinerte i Kristiansund.