Hopp til innhold

Væpna politiaksjon på Hareid

Politiet væpna seg og rykte ut til eit bustadhus på Hareid søndag morgon.

Politiaksjon på Sulesund

Politiet undersøkte dei reisande med ferja frå Hareid til Sulesund søndag morgon.

Foto: Emilie Messenlien Ingjerd

Grunnen for væpninga var at deltakarar på ein fest skal ha høyrt det som kunne ha vore skot, opplyser politiet på Sunnmøre.

Politiet sine undersøkingar viste at det ikkje var snakk om skot, men at det var ein høg smell i området.

I følgje Sunnmørsposten skal seks væpna polititenestemenn ha vore med ferja frå Sulesund til Hareid klokka 8 søndag morgon. Der undersøkte dei bilar og passasjerar.

Utrykkinga kom etter at to gutar i tenåra vart slått av personar som oppsøkte ein privat fest.

Politiet har framleis ikkje kontroll på dei som stod bak, og etterforskar saka vidare.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL