Hopp til innhold

Væpna politiaksjon i natt

Det har vore mykje fyll og bråk i heile Møre og Romsdal natt til 1. mai. I Ålesund henta ein bråkmakar våpen under ein slåsskamp på Moa. Det utløyste ein væpna politiaksjon. Mannen er framleis på frifot.

Ålesund politistasjon

Mykje å gjere for politiet natt til første mai.

Foto: Andreas Sundby / NRK

Politiet både på Sunnmøre og på Nordmøre og Romsdal melder om ei travel natt. Det har ikkje vore dei verkeleg store sakene, men det har vore fyll, bråk og valdsepisodar.

Væpna aksjon

Klokka 3.42 fekk politiet melding om slåssing ved Statoilstasjonen på Moa. Ein person hadde fått juling av ein annan. Personen sprang til bilen sin for å hente ei flaske han skulle bruke i slåsskampen. Etter som slåsskampen skred fram, henta han også ein pistol frå bilen sin. Dette utløyste ein væpna politiaksjon i Ålesund i natt. Politiet har teke beslag i bilen til mannen, men mannen er framleis på frifot.

Påstand om valdtektsforsøk

Like etter kom det melding om valdtektsforsøk på Volsdalen camping i Ålesund. Tre jenter, som budde i ei hytte på Volsdalen camping, vakna av at to menn hadde kome seg inn i hytta. Den eine hadde begynt å «krafse» på den eine jenta. Politiet brukte hundepatrulje, og fann to menn i 20-åra. Desse sit no i arresten i Ålesund.

Antasta av eldre mann

Tidlegare på kvelden fekk politiet i Ålesund også melding om at ei jente var blitt antasta av ein mann i 60-åra, utanfor ein restaurant i byen. Mannen skal mellom anna ha teke jenta på brysta. Denne saka er ikkje oppklart.

Slåssing fleire stader

Det var også fleire slåss-episodar i Ørsta natt til 1. mai. Eit par av tilfella gjekk føre seg ved Shell-stasjonen. Det var også slåssing inne i butikken på Shellstasjonen, og den eine gjerningsmannen skal ha oppført seg ufint mot politiet.

Høg fart og villmannskøyring

Fleire har fått førarkort beslaglagt i løpet av natta. Ved 21.20-tida køyrde ein mann i 130 kilometer i timen i ei 80-sone i Rauma. Omlag på same tid køyrde ein mann i 20-åra «villmann» på Moa-området. Han dreiv med «burning» og blei oppdaga av ein UP-patrulje.

Trua med kniv

Nokre ungdommar banka i ein bil som køyrde forbi dei på Langveien i Kristiansund. Bilføraren stoppa opp, og han blei då trua med kniv. Politiet leitte i byen etter ungdommane, men dei blei ikkje funne.

På Sunndalsøra blei ein bilførar trua av ein mann som hadde kome seg inn i bilen hans. Bilføraren ba mannen gå ut av bilen. Men i staden trua mannen bilføraren og skalla og slo i bilruta.

Bråk på asylmottaket på Tingvoll

På Tingvoll oppførte ein beboar på asylmottaket seg bråkete og skadde inventar. Ein person måtte på sjukehus med sårskadar. Mannen blei sett i drukkenskapsarresten etter behandlinga på sjukehuset.

Russebil med blålys

I Molde skal ein russebil ha køyrt rundt med blålys i natt. Politiet var ut på gatene for å sjå etter bilen, utan å finne han.

Branntilløp i Kristiansund

Det oppsto natt til 1. mai eit branntilløp i ei bedrift i Kristiansund. Brannvesenet kom til staden og fekk sløkt brannen. Brannen hadde oppstått i ein skitentøy-behaldar i eit vaskerom. Politiet etterforskar saka.

I tillegg til desse sakene har det vore ei rekkje fyll og festbråk- saker i Møre og Romsdal.