NRK Meny

Væpna politiaksjon i Ålesund

Ein mann i 30-åra vart i ettermiddag pågripe av politiet i Spjelkavik i Ålesund. Fleire politipatruljar rykte ut på oppdraget og var rutinemessig væpna, opplyser Sunnmøre politidistrikt. Ingen personar eller eigedelar vart skadd i samband med pågripinga. Operasjonsleiar Ole Bjørn Harang seier det er tidleg i etterforskinga, og vil difor ikkje gå ut med bakgrunnen for pågripinga.