Hopp til innhold

Væpna aksjon på Vigra

Politiet rykka torsdag kveld ut til Vigra etter at ein person melde at han følte seg trua av ein anna person.

Vigra

Det var smp.no som omtalte saka først.

Det var i 17-tida torsdag at politiet fekk melding frå ein person på Vigra som følte seg trua av ein annan person. Politiet valde så å rykk ut til staden med minst tre politibilar.

– Eg kan bekrefte at vi rykka ut og at politibetjentane var væpna, seier operasjonsleiar Arild Reite til NRK.

Motstridande forklaringar

Det er enno ikkje avklart kva som skal ha skjedd, og politiet etterforskar no saka.

– Vi har vore i kontakt med begge dei involverte, og skal no prøve å nøste opp i detaljane. Det kan vere ting som peikar på at dei første opplysningane vi fekk ikkje var heilt rette, og det er blant anna det vi prøver å finne ut av no, seier Reite.

Situasjonen skal ikkje ha vore dramatisk, og aksjonen vart raskt avslutta.