NRK Meny
Normal

Trusselsituasjon avklart - ein person pågripen

Politiet har pågripe ein person mistenkt for å ha trua ein annan på eit asylmottak i Sunndal tysdag ettermiddag. Begge blir no avhøyrde.

Trusselsituasjon Sunndal

Ein person er pågripen og blir avhøyrt tysdag ettermiddag. Han er mistenkt for å ha trua ein annan med kniv.

Foto: Jan Erik Vangen

Store styrkar rykte ut då politiet tysdag ettermiddag fekk melding om at ein mann i 20-åra på eit asylmottak i Sunndal trua ein annan mann med kniv.

Politiet sende væpna folk både frå Kristiansund og Molde, men fekk avklart situasjonen etter kort tid.

– Både fornærma, mistenkte og fleire vitne blir no avhøyrde, seier operasjonsleiar Siri Engdahl hos politiet.

Budde i bufellesskap

Politiet på aksjon

Væpna politipatruljar frå Molde og Kristiansund rykte tysdag ut til Sunndaløra der ein person har trua ein annan.

Foto: Jan Erik Vangen

Både den mistenkte mannen i 20-åra og han som er fornærma, bur på eit asylmottak i Sunndal. Ifølgje politiet bur dei i lag i eitt av husa der, og det skal ha vore fleire til stades då truslane blei framsette.

Fleire patruljar rykte ut frå Kristiansund i 15.30-tida, og klokka 16.59 melde politiet at dei hadde kontroll på han som er mistenkt for å ha trua med kniv.

Laster Twitter-innhold

Tilbakehaldne med informasjon

Politiet vil førebels ikkje seie noko om kva som kan vere årsaka til konflikten i Sunndal tysdag ettermiddag.

Engdahl kjenner ikkje til om dei to mennene har vore i konflikt tidlegare.

– Vi etterforskar saka, og vil ikkje seie noko om omstenda no, seier ho.

Ingen blei skadde.