Hopp til innhold

Pågripen etter skot frå veranda i Kristiansund

Ein mann i 20-åra er måndag kveld pågripen etter å ha skote med våpen frå ein veranda i Kristiansund sentrum måndag kveld. Politiet har evakuert dei næraste naboane.

Politiaksjon

Store styrkar med væpna politi rykte måndag kveld ut til ei gate i sentrum av Kristiansund etter at ein person trua med å skyte.

Foto: Roar Halten / NRK

SISTE: Politiet har arrestert ein person og ingen er skadde.

Situasjonen toppa seg då politiet måndag kveld opplyste like før klokka 20 at ein mann i 20-åra hadde fyrt av skot frå verandaen sin i ei leilegheit i ei gate i Kristiansund sentrum. Han skal ikkje ha trua andre, men politiet karakteriserte situasjonen som tilspissa og uoversiktleg.

– Vi har evakuert folk frå naboleilegheita, stadfesta operasjonsleiar Rolf Anders Korstad til NRK Møre og Romsdal.

Ba folk halde seg innandørs

Like etter klokka 19.30 gjekk politiet ut og bad folk i området om å halde seg innandørs. Tidlegare på kvelden stengde dei også av gata og bad folk halde seg unna etter truslar frå ein person om å bruke skytevåpen.

Aksjon i Kristiansund

Også brannvesenet rykte ut for å hjelpe politiet då ein person trua med å skyte. Etter ei stund skaut han frå ein veranda, men ingen blei skadde.

Foto: Roar Halten
Laster Twitter-innhold

Operasjonsleiar Rolf Anders Korstad seier det bur mykje folk i gata.

– Det er mykje folk innanfor i den gata, ja, seier han.

Store styrkar

Politiet skal ha hatt mange væpna politifolk ute på staden, men vil ikkje talfeste kor mange det var. I tillegg opplyste fleire naboar at det var ambulansar på staden.

Væpna aksjon i Kristiansund

Dei næraste naboane blei evakuerte og folk i nabolaget blei bedne om å halde seg inne medan aksjonen gjekk føre seg.

Foto: Roar Halten / NRK

Korstad stadfestar at personen sjølv var inne i eitt av husa i området, men at der ikkje var fleire til stades.

Folk fekk ikkje sleppe inn i den aktuelle gata medan aksjonen gjekk føre seg.

Laster Twitter-innhold