NRK Meny
Normal

Væpna aksjon i Kristiansund

Ein mann i slutten av tjueåra er pågripen i ein væpna aksjon i Kristiansund onsdag ettermiddag. Personen har vore etterlyst i to veker.

Laster kart, vennligst vent...

Politiet i Nordmøre og Romsdal opplyser at aksjonen skjedde i sentrum av Kristiansund.

– Trusselbiletet gjorde at ein valde å væpne seg under aksjonen, seier operasjonsleiar Tove Anita Asp. Asp vil ikkje seie noko om kva slags brotsverk mannen er mistenkt for.

Fem patruljar deltok i aksjonen, og mannen vart gripen utan dramatikk. Han vert overført til fengsel onsdag ettermiddag.