Hopp til innhold

Person arrestert etter å ha trua politiet med kniv

Ein person er arrestert etter å ha trua politiet i Kristiansund med kniv.

Væpna aksjon

Det var i 22.00-tida søndag kveld at politiet på Nordmøre sette i gang ein væpna aksjon ved Goma i Kristiansund etter å ha fått truslar frå ei kvinne.

– Trugslane er retta mot politiet og var av ein slik art at vi valde å væpne oss. Personen skal vere utstyrt med kniv og har uttalt at ho ønsker å ta politiet, sa Rolf Anders Korstad, operasjonsleiar i politiet til NRK i 22.30-tida søndag kveld.

Kvinna ringde sjølv til politiet og sa at dersom politiet ikkje kom snart, så ville ho reise ein annan plass for å gjere noko alvorleg.

Politiet tok truslane på alvor og rykka ut med væpna styrkar.

Arrestert

Det tok litt tid før politiet greidde å lokalisere personen som hadde kome med truslane, men i 23.30-tida søndag kveld blei kvinna arrestert av politiet og tatt med inn på politistasjonen.

– Det måtte kraftig overtaling til, men arrestasjonen skjedde utan dramatikk og ingen av partane blei skadd, seier Korstad.

Det er så langt ukjent kva som var bakgrunnen for truslane mot politiet. Kvinna vil bli avhøyrt på eit seinare tidspunkt og saka blir etterforska av politiet. Gjerningspersonen skal vere ein kjenning av politiet.