NRK Meny
Normal

Væpna aksjon etter mistenkjeleg dødsbrann i Ålesund tysdag ettermiddag

Politiet leitar med væpna mannskap etter personar som kan ha noko med dødsbrannen i Ålesund å gjere. Tysdag ettermiddag stadfestar politiet at dei anser dødsbrannen i Ålesund som mistenkjeleg.

Teknikar arbeider med å finne spor i Ålesund

Politiet set no i gang full etterforsking etter å ha funne ein død person inne i leiligheita i området Øvre Holen i Ålesund tysdag ettermiddag. Det blei først meldt om ein brannvarslar som ulte og om røyk. Då brannvesenet gjennomsøkte firemannsbustaden, fann dei ein død person.

- Vi har funne ein død person i bustaden og anser det for mistenkjeleg. Vi har sett i verk full etterforsking, seier operasjonsleiar Arild Reite ved Sunnmøre politidistrikt.

Ber om tips om folk som sprang

Politiet ber om tips frå folk som kan ha sett noko mistenkjeleg før og etter brannen, som blei meldt inn klokka 15.40. I ei pressemelding ber dei konkret om tips om to til tre personar som blei sett springande frå staden.

Politiet opplyser også at det no pågår teknisk og taktisk etterforsking på staden og at det blir gjort rundspørjingar i området. Dei første vitneavhøyra er i gang.

Væpna aksjon

Operasjonsleiar Arild Reite

Operasjonsleiar Arild Reite ved Sunnmøre politidistrikt stadfestar at dødsbrannen i Ålesund tysdag er mistenkjeleg.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Politiet er svært tilbakehaldne med å fortelje kva for spor dei har i saka, men stadfestar at dei har væpna mannskap ute på jakt etter folk.

- Ja, det er folk vi leitar etter, men eg kan ikkje seie meir om kven eller kva vi søkjer etter, seier Reite.

- Er det namngjevne folk de leitar etter?

- Eg kan ikkje seie meir, seier Reite.

- Såg folk springe derifra

Reidun Elisabeth Naalsund er ein av naboane til personen som blei funnen omkomen tysdag ettermiddag. Ho seier at andre naboar har sett folk springe frå staden.

- Eg har ikkje høyrt noko sjølv, men naboane såg folk springe der ifrå, seier Naalsund. Sjølv seier ho at ho observerte ein person i hagen til den avdøde for nokre dagar sidan og stussa over det.

- Eg lurte på kven som kom på besøk, seier ho. Den avdøde skal ha vore observert måndag kveld ute på spasertur i området.

- Stille og snille

Fleire av naboane omtalar den omkomne som ein stille og snill person, ein kjekk og omgjengeleg nabo.

- Det er heilt forferdeleg, eg er kvalm og har vondt i magen, vi er i sjokk over det som har skjedd, seier Naalsund.

Ligg framleis i leiligheita

Tysdag ettermiddag har politiet mellom 10 og 20 personar på staden. Personen som er omkomen ligg framleis i leiligheita.

- Ja, vedkomande ligg der. Leiligheita blir undersøkt så raskt som det lar seg gjere, eg veit ikkje kor fort dei kan gå inn, seier Reite.

Kan ikkje stadfeste kjønn eller alder

Reite kan ikkje stadfeste korvidt det er ein kvinne eller ein mann som er funnen omkomen etter brannen. Politiet kan heller ikkje seie noko om alderen til personen som budde i leiligheita.

Brannvesenet rykte ut like etter klokka 15.30 etter å ha fått melding om brann i bustadområdet.

- Vi fekk melding klokka 15.37 frå naboar som høyrde ein alarm, og såg at det var røyk i huset, seier brannmeister Frank Austdal på 110-sentralen.

Gjennomsøkte leiligheita

Brannvesenet har gjennomsøkt leiligheita der det begynte å brenne, og har fått sløkt flammane.

- No luftar vi på staden, opplyser Austdal.

Sende fire bilar

Politi på staden

Politiet arbeider no på staden for å finne ut meir om personen som blei funnen død i leiligheita i området Øvre Holen i Ålesund tysdag ettermiddag.

Foto: Brede Røsjø

Brannvesenet begynte raskt å søkte etter folk i huset i området Øvre Holen i Ålesund etter å ha fått melding om brann like før klokka 16.

- Vi har sendt innover fire bilar, og jobbar på, opplyser brannvakta i Ålesund.

NRK kjem tilbake med meir.