Hopp til innhold

Vaagland i Halsa skal bygge båt for Haram-reiar

Det er reiarlaget Seir AS på Grytastranda i Haram som har tinga den nye autolinebåten som Vaagland Båtbyggeri AS i Halsa skal bygge.

Seir blir bygd ved Vaagland

«Seir» blir bygd ved Vaagland Båtbyggeri og er designa av Skipsteknisk.

Foto: Pressebilde

Båten er også teikna og designa lokalt, for det arbeidet er det Skipsteknisk i Ålesund som står for. Og dette arbeidet er gjort i nært samarbeid med verftet i Halsa og reiarlaget som familien Urkedal i Haram eig.

Dette er eit veletablert reiarlag, medan Vaagland og Skipsteknologisk har samarbeidd ei rekke gongar før.

Skal spare både pengar og miljø

No har dei i samarbeid kome fram til eit skrog som skal fungere godt under linefiske. Om bord skal komforten til mannskapet vere ivaretatt både når dei er i arbeid og når dei har frivakter. Det inneber mellom anna at tunge løft skal bli unngått.

Nye «Seir », som båten skal heite, får ei lengd på vel 53 meter og blir nesten 13 meter brei, og får med det stor autolinekapasitet.

Under designarbeidet har det vore stort fokus på å finne fram til energisparande tiltak. Det skal både betre driftsøkonomien, men også føre til drastiske reduksjon i C2-utsleppet. I tillegg er det lagt opp til gjenbruk av energi/overskotsvarme.

– Ei julegåve til lokalt næringsliv

Designaren, Skipsteknisk, set pris på igjen å innleie eit samarbeid med Vaagland Båtbyggeri, og håpar oppdraget også kan vere starten på eit langsiktig samarbeid med reiarlaget i Haram.

I tillegg til at både designar, reiarlag og båtbyggar er lokale, så er også fleire av leverandørane til nybygget nasjonale.

– Den nye autolinebåten er ei julegåve til næringslivet i Møre og Romsdal, seier salssjef Inge Bertil Straume i Skipsteknisk

Nybygget frå Vaagland Båtbyggeri skal vere klart til levering sommaren 2018.