Hopp til innhold

Uvisse om lovleg prosess bremser sjukehusdiskusjon

Helse Midt-Noreg starta i dag arbeidet med sitt langtidsbudsjett, eit budsjett som skal vedtakast i juni, og som vil legge føringar for det nye sjukehuset.

Styremøte Helse Midt-Norge Stjørdal

Helse Midt-Norge hadde i dag styremøte der dei snakka om langtidsbudsjettet for helseføretaket. Bilete er frå eit tidlegare møte – då styret stemte over tomteval.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Mange venta spent på å høyre om det nye sjukehuset i Molde vert mindre enn planlagd. På Nordmøre er det uvisse knytt til det distriktsmedisinske senteret som skal kome i Kristiansund.

Kjell Neergaard

Varaordfører i Kristiansund, Kjell Neergaard, venter med å diskutere eit distriktsmedisinsk senter fram til han veit meir om sjukehusprosessen.

Foto: Roar Halten / NRK

Men varaordførar Kjell Neergaard ønskjer å få avklart om tomtevalet som vart gjort før jul er lovleg, før dei går inn i ein diskusjon om eit slikt senter.

– Vi har ikkje tillit til den prosessen som har vore rundt sjukehuset, og den tilliten må først bli bygd opp igjen før vi vil seie noko meir, seier han.

Han vil ikkje diskutere eit eventuelt distriktsmedisinsk senter før han har alle opplysningar om sjukehusvalet på bordet.

Uvisse i Nordmøre og Romsdal

Mykje er enno uklart når det gjeld det nye fellessjukehuset i Møre og Romsdal. Kor stort blir det nye sjukehuset som er bestemt å bygge i Molde? Og kjem det eit akuttmedisinsk senter i Kristiansund, slik mange oppfatta at det blei lova for tre månader sidan då stadsvalet vart gjort?

Styreleiar i Helse Midt-Noreg, Ola H. Strand, seier at det distriktsmedisinske senteret i Kristiansund ikkje var eit konkret tema under styremøtet torsdag.

– Senter blir det – uansett

Under møtet blei styremedlemmane orienterte om langtidsplanen for styret fram til 2020 – den blir vedteke i juni.

– Denne planen legg rammene for investeringane som blir gjort dei neste fem åra og korleis det skal bli finansiert, seier Strand.

Han er uklar på om det distriktsmedisinske senteret allereie er diskutert i styret, men meiner at det er ingen grunn til å uroe seg for at senteret ikkje kjem.

Statsråden har vedteke å byggje eit slikt senter – og det må styret følgje.

Strand kan enno ikkje svare på kor stort sjukehuset i Molde blir – og kan heller ikkje svare på kor mykje sjukehuset kjem til å koste. Det blir bestemt til hausten.

– Men i dei planane vi har så langt er det sagt at det vil koste om lag 4,2 milliardar.

På Nordmøre er det usikkerheit knytta til det distriktsmedisinske senteret som skal kome i Kristiansund. Men varaordførar Kjell Neergaard ønskjer å få avklart om tomtevalet som vart gjort før jul er lovleg, før dei går inn i ein diskusjon om eit slikt senter.
Helse Midt-Noreg starta i dag arbeidet med sitt langtidsbudsjett, eit budsjett som skal vedtakast i juni, og som vil legge føringar for det nye sjukehuset.