NRK Meny
Normal

Uvêret trekker til seg skodelystne

Ekstremværet «Ole» merkast også i Møre og Romsdal. Til trass for kraftig vind og heftig uvêr fleire stadar i fylket, var det likevel mange skodelystne som har våga seg ut for å få eit glimt av uvêret.

Ekstremværet «Ole» merkast også i Møre og Romsdal. Til trass for kraftig vind og heftig uvêr fleire stadar i fylket, var det likevel mange skodelystne som har våga seg ut for å få eit glimt av uvêret.

Ekstremværet «Ole» trekker til seg mange skodelystne. FOTO/REDIGERING: Roar Strøm.

Meteorologisk institutt melde frå laurdag ettermiddag liten og periodevis full storm 22-25m/s, med vindkast opp til 35 m/s. I fjellområda er det venta full og til dels sterk storm 30 m/s.

– Fantastisk

Det stoppa likevel ikkje dei mange skodelystne som hadde tatt turen til Atlanterhavsvegen på Nordmøre, for å oppleve ekstremvêret «Ole» på nært hald. Blant dei frammøtte var familien Hareide.

Bendik Hareide

Bendik Hareide og familien hadde tatt turen til Atlanterhavsvegen laurdag ettermiddag.

Foto: Roar Strøm / nrk

– Vi er på familiebesøk og så tenkte vi at vi skulle køyre til fyrste brua på Atlanterhavsvegen for å sjå på vêret, seier Bendik Hareide.

Til trass for at familien hadde tatt turen ut for å sjå på uvêret i dag, meiner Hareide at det er viktig å vere forsiktig.

– Det er fantastisk å sjå, men ein bør ikkje ta for store sjansar, seier han.

For dei heldt det med ein tur til Atlanterhavsvegen denne ettermiddagen.

– Nei, no blir så pass heftig, og eg merkar at vinden tek seg opp. Vi må tenke litt fornuftig når vi har med oss ungar, seier Hareide.

– Hit, men ikkje lenger, held han fram.

Forlokkande fotomotiv

Fotograf Jens Lyngstad var ein av dei andre som hadde tatt turen til Atlanterhavsvegen laurdag ettermiddag. Han var ute etter å fange uvêret på film.

fotograf Jens lyngstad

Jens Lyngstad var på jakt etter det perfekte fotomotivet.

Foto: roar strøm / nrk

– Eg tenkte eg skulle ta nokre stormbilete sidan har eg aldri gjort før, seier Lyngstad.

Han fortel at vêret var friskare enn han hadde trudd, og valde difor å halde seg på trygg avstand frå det verste uvêret.

– Eg har telelinse så eg treng ikkje å gå alt for nært. Det kan sikkert vere skummelt om ein blir for vågal, seier Lyngstad.

Åtvara mot lause gjenstandar

Politiet på Sunnmøre gjekk tidlegare i dag ut med ei oppfordring der dei bad folk om å sikre lause gjenstandar og vere obs på ting som flyr gjennom lufta.

– Politiet har mottatt ein rekke meldingar frå publikum om takplater og takstein som blåser av tak og treffer andre bygningar og biler, sa operasjonsleiar Ole Bjørn Harang ved Sunnmøre politidistrikt laurdag formiddag.

I tillegg har politiet mottatt meldingar om vindauge som har blitt knust og tre som har blåst over ende.