Fleire problem
Uver og storm i helga førte til fleire problem på Stadhavet.
Laurdag braut det ut brann i det tyske containerskipet "Amisa J" då båten var 4-5 nautiske mil nordvest for Stadt.
I går gjekk den same båten på grunn i Åramsundet.
Laurdag måtte Hurtigruteskipet Finnmarken returnere til Ålesund etter at den fekk slått inn ei dør på grunn av ei bølgje.
-Eit skrikande behov
Ordførar Jan Helgøy(KrF)
Ordføraren i Vanylven, Jan Helgøy, meiner behovet skipstunnelen er skrikande. Tunnelen vil kunne føre båtane gjennom Stadlandet slik at dei slepp å passere Stadhavet når uvêret bryt laus.
- Eg meiner det er heilt uforsvarleg av våre styresmaktar dersom dei ikkje ser behovet for ein slik skipstunnel, seier Helgøy.
I helga gjekk også eit samla rådsmøte i rådsmøtet i Kristeleg Folkeparti inn for å bygge tunnelen. Ifølgje rådsmøtet er det aktuelt med eit spleiselag mellom Fiskeri- og Samferdselsdepartementet og dei to fylka og Fjord-1.
Ordførar Jan Helgøy trur tunnelen no er nærare løysing enn tidlegare.
- Endeleg ser det ut til at nokon har forstått ansvaret og utfordringa her, seier Helgøy som meiner det no er stor forståing i fleire parti for kor viktig Stad Skipstunnel er.