Obs-varsel for søndag med fare for kraftige vindkast

Meteorologisk institutt varslar laurdag ettermiddag at det er fare for kraftig vind langs kysten med vindkast innover land.

Regn i Ålesund

Det regnar kraftig mange stader i fylket laurdag. Søndag ettermiddag blir det storm på kysten av Sunnmøre.

Foto: Synnøve Hole / NRK

SISTE: Laurdag ettermiddag sender Meteorologisk institutt ut OBS-varsel på grunn av fare for kraftig vind og vindkast innover land.

Kasta kan ha ein fart på 30-35 m/s innover land. OBS-varselet gjeld for Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Trøndelag.

Laurdag ettermiddag er det venta sørvest liten storm på kysten. Skya, regnbyer, utrygt for torever. Uver pregar altså oktoberhelga i Møre og Romsdal.

Lynnedslag førte til mørklagde hus

Allereie laurdag føremiddag førte lynnedslag til at fleire husstandar miste straumen fleire stader i Haram.

Kort tid før hadde fleire abonnentar på Vestnes også mist straumen. Laurdag ettermiddag melder Mørenett at dei fleste er kopla inn igjen.

Laster Twitter-innhold

Ventar på Mannen

Det er mange som ventar på at haustregnet og uveret skal rikke fjellet Mannen i Rauma, men førebels har det ikkje skjedd. Laurdag morgon melde NVE at det framleis er oransje nivå, og at det har kome nokre steinsprang, men at rørslene i fjellet igjen har stabilisert seg. Det gjenstår å sjå om nedbøren som er venta i helga kan sette fart på fjellet på nytt.