Hopp til innhold

Uver gjorde at fleire avbraut ekstremløp

Regn og skodde gjorde at fleire av dei påmelde ikkje klarte å fullføre det spektakulære skiløpet over tre fjelltoppar i Romsdal laurdag.

Romsdal Rando

Faren for snøskred gjorde at arrangørane laurdag valde å flytte starttidspunktet, og korte ned på ruta.

Foto: Jannicke Susann Farstad

Regn og skodde blei meir utfordrande enn toppturentusiastane sette pris på laurdag. For så fort som berre råd, skulle dei opp og ned frå tre fjelltoppar, og då er ikkje store mengder regn og skodde det dei ønskjer seg.

Allereie fredag kveld blei det klart at starten måtte utsetjast. Så blei også løypa komprimert, for å unngå skredfare og få betre sikt.

Marie Styrvold

Marie Styrvold syns det blei for kaldt og vått og braut etter kort tid. Ho hadde ønskt seg sol og knallver.

Foto: Jannicke Susann Farstad

Marie Styrvold frå Larvik stilte i mosjonsklassen og er ei av dei fire som måtte kaste inn handkledet. Ho seier ho mest blei med fordi kjærasten konkurrerte. Og det blei langt våtare enn ho hadde rekna med.

– Alle bilda frå turane når det er fint ver er jo veldig, veldig bra, så då tenkjer du at det blir kult og spektakulært å ha vore med på, men når vêret blir slik som dette, fristar det jo ikkje så mykje, seier ho ærleg.

Les også:

Denne karen klarte ingen å slå

Lars Erik Skjervheim

Lars Erik Skjervheim var strålande fornøgd med å stikke av med sigeren i Romsdal Randonee.

Foto: Jannicke Susann Farstad

Den klare vinnaren under rennet var ikkje uventa Lars Erik Skjervheim frå Voss, med tida 1:16:13. Han anslår at han kanskje deltek på 30 liknande konkurransar i året. Vêret brydde han seg ikkje med.

Det er jo fint å bruke ein ruskedag på å gå litt fort til fjells, seier han.

Sjølv starta han med randonee-køyring for fem år sidan. Han seier stadig fleire blir interesserte.

– Folk begynner å bli veldig nysgjerrig og søkande, det er veldig spennande.

– Kvifor likar du så godt randonee?

– Eg likar å vere til fjells og få kombinasjonen av at kroppen er i god form og at du beherskar å flytte deg fort til fjells, det er veldig tilfredsstillande, ikkje minst med ei slik fin scene som den norske naturen er, seier han.

Lokal siger på kvinnesida

På kvinnesida var det venta eit oppgjer mellom Hilde Gjertrud Hovdenak frå Romsdal Randonee Klubb og Malene Blikken Haukøy frå nabofylket Sogn og Fjordane. Til magasinet Fri flyt sa Hovdenak nyleg at ho håpte å vinne over konkurrenten, slik ho også gjorde under Stryn Rando 3000 for kort tid sidan.

Og slik blei det.

På tida 1:36:11 kom Hovdenak inn, over to minutt før Haukøy. Ho vedgår at vêret kunne vore betre.

– Det var veldig godt merka, og når det først skulle bli så gale, var det eit godt gjennomført arrangement, seier ho.

– Kvifor likar du så godt denne sporten?

– Det passar meg veldig godt å kunne kombinere fjellsporten med trening og konkurranse, seier ho.

Nesten 70 deltok

Det er tredje gong Romsdal Randonee blir arrangert. Konkurransen går føre seg i Isfjorden i Rauma, og i 2015 var det knallver. Ideen var i utgangspunktet å få fleire til å bli med på renn.

Trass i dårleg ver blei nesten 70 skikøyrarar freista, om lag halvparten i mosjonsklassen.

Romsdal Rando Laurdag

Her tek Odd Tokle Sæbø den som vil på løypa til Romsdal Randonee. Dronefoto er gjort av Matti Bernitz, Anunatak AS.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL