Uvêr skapar problem fleire stadar i fylket

Lyn og torevêr har ført til straumbrot fleire stadar tysdag ettermiddag. Uvêret har også ført til trafikale utfordringar.

Hagl aure

På Aure i Nordmøre kom det store hagl tysdag ettermiddag.

Foto: Tipsar

– Vi har straumavbrot i området mellom Mekvik og Bryn Stadion i Eide kommune. I tillegg er nokre kundar i Fræna også råka, fortel Gerhard Eidså, dagleg leiar i Istad Nett.

Straumleverandøren fortel at straumbrotet truleg skuldast lynaktivitet i området.

– Vi jobbar med å få straumen tilbake og håpar det skal vere i oden att snart, seier Eidså.

Også i delar av Frei skal straumen vere borte som følgje av lyn og torevêr.

Glatte vegar

I Aure kommune melder ein bilist om haglebyger og torevêr, og vegane er glatte.

Det har også vore meldt om store hagl i området.