Orkan i Gjemnes
Det er målt orkan i Gjemnes 1. juledag, skriv Dagbladet. Det blei 1. juledag målt 36,2 meter per sekund på Reinsfjellet. Målinga var så høg at ho måtte ifølgje avisa måtte dobbeltsjekke om det kunne vere rett.

Ferjene startar å gå igjen i sambandet Hareid-Sulesund klokka 15.30, melder Norled. Ferjene har vore innstilte nokre timar på grunn av dårleg ver.
Ein båt sokk ved kai i Vågen i Kristiansund. Ifølgje Tidens Krav er det berre masta som stikk opp av vatnet. Seglbåten skal vere rundt 35 fot.
Ein lyktestolpe er tatt av vinden og ligg delvis ut i E39 ved Røbekk i Molde. Det er mogleg å passere. Politiet er på staden.
Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot mediene i presseetiske spørsmål.