NRK Meny
Normal

Uvanleg sykkelparkering lokkar ikkje fleire til trøene

Eit sykkelstativ som har stått i Ålesund sentrum skulle gjere folk meir medvitne på kor stor plass ein bil tar. Få har brukt stativet.

Sykkelparkering i Ålesund

SYKKELPARKERING: Sykkelparkeringa er same storleik som ein bil, og skulle føre til meir medvit rundt sykkelbruk.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Mirza Begic

FAGLEIAR: Mirza Begic er fagleiar for trafikk og miljø i Ålesund kommune.

Foto: Privat

– Me håpa på at folk skulle oppdage sykkelstativet og bruke anledninga til å parkere syklane sine der, seier Mirza Begic

Han er fagleiar for trafikk og miljø i Ålesund kommune, og er den som har stått for avtalen om å låne stativet gratis av Euroskilt.

– Ein bil tar opp til 10–15 sykkelplassar, og me har plassert sykkelstativet på ein parkeringsplass for å vise akkurat det, seier Begic.

Går på omgang

Sykkelstativa har blitt sett ut i fleire byar i Noreg, og salskonsulent Njål Nesvik i Euroskilt seier stativa hovudsakleg har blitt plassert i sykkelbyar.

– I utgangspunktet skulle stativa sette fokus på sykling, og stativet i Ålesund blir køyrt rundt til fleire kommunar. No skal skiltet farte litt rundt i Møre og Romsdal, men det er ikkje avklart kvar det skal, seier Nesvik.

1 bil = 10 sykler

BODSKAP: Bodskapen på sykkelstativet er klar og tydeleg.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Ålesund kommune har fått låne stativet frå byrjinga av juli til og i om lag ein månad, og det har stått på ein parkeringsplass i Kipervikgata i Ålesund sentrum.

– No har me fått vise publikum kva me kan få til etter at me får opna Aksla parkering. Då har me mogelegheit til å ta vekk enkelte parkeringsplassar i byen, og då er neste spørsmål korleis me kan nytte denne plassen, seier Begic.

– Ein mogelegheit er sykkelparkering, seier han.

Trur få syklar

Mirza Begic seier dei har diskutert kva som kan vera årsaka til at ikkje fleire har brukt stativet.

Sykkelstativ i Ålesund sentrum

FÅ SYKLAR: Ein parkeringsplass kan romme mange syklar, men få brukar stativet.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Me lurer på om folk ikkje har forstått at det er sykkelparkering, eller om det er få som syklar til byen om sommaren, seier han.

– På ei anna side regnar det mykje her, så kanskje det kan hjelpe å ha sykkelparkering under tak i staden, seier Begic.

Me har fått tips om at ungar brukar stativet som klatrestativ, og stativet er rett ved ein bilveg. Har de tenkt på det?

– Det har me. Hastigheita der er 30 kilometer i timen, og bilistane køyrer sakte der, seier han.

– Må få folk til å sykle

Dersom andre byar har hatt suksess med stativet så seier Begic at det kan vera gode grunnar til det.

– I til dømes i Drammen, i Kristiansand, og i Oslo er det større byar med fleire folk. Det er flate byar, og kanskje det er meir tradisjon for å sykle der, seier Begic.

Kva skal de gjere for å gjere Ålesund til ein sykkelby?

– Først må ein regulere fleire sykkelvegar, og gjere det lett for dei som vil sykle. Me få flest mogeleg til å sykle, og no har me ikkje gode nok sykkelvegar, seier Begic.