Hopp til innhold

Uvanleg mykje snø vil gi billegare straum – men ikkje til alle

Det har vore enorme mengder med snø i Midt- og Nord-Noreg denne våren. Det betyr billegare straum for dei som har busett seg nord i landet.

Tjørnane i Valldal. Hytta Tjønnebu.

SNØ: Hytta Tjønnebu til DNT er heilt dekt av dei enorme snømengdene.

Foto: Tone Drabløs / DNT

Ei heil hytte blei dekt av dei enorme snømengdene i Tafjordfjella på Sunnmøre.

Turfølget som skulle besøke turisthytta til DNT måtte bruke fleire timar på å grave seg ned til inngangen.

– Vi såg berre pipa som stakk 20 centimeter opp av snøen. Vi vart litt overraska, seier Knut Slinning, som var ein del av turfølget.

Han og to andre brukte over to timar på å grave fram døra til hytta. Som var om lag fire og ein halv meter ned.

– Vi veit at det er ekstremt med snø i fjellet, det er mellom fire til sju meter med snø på flat bakke. Vi vart forbausa.

Vil gi billegare straum

Meteorolog Rafael Escobar Løvdal kan bekrefte at det er meir snø i den nordlege delen av Noreg enn det brukar å vere. Og mindre i sør. Det vil påverke straumprisane.

– Det vil dra ned prisen i Midt-Noreg og i Nord-Noreg, men så vil prisen sannsynlegvis halde seg på eit høgt nivå i Sør, seier krafthandlar i Tafjord kraftproduksjon, Martin Emblem.

At det er store forskjellar mellom nord og sør er ikkje uvanleg ifølgje NVE. Blant anna har krigen i Ukraina ført til dyrare straum.

Ann Myhrer Østenby i NVE seier vekes-prisane har vore nede i 20 øre per kilowattime i nord, og oppe i 200 øre per kilowattime i sør.

Grunnen er at Midt og Nord Noreg klarer å produsere mykje straum i forhold til behovet, mens det er omvendt i Sør Noreg.

I tillegg er det ein såkalla flaskehals mellom desse regionane, som gjer at det ikkje er mogleg å overføre meir av straumen som blir produsert i nord.

Flaskehalsen samanliknar Østenby med ein motorveg, det er rett og slett ikkje kapasitet til å sende så mykje straum til Sør Noreg som det er behov for.

– Litt som om mange bilar som skal ut av ein by samtidig, då blir det kø, slik er det med kraftnettet også, seier Ann Myhrer Østenby, seksjonssjef i NVE.

Uvanleg mykje snø

Tjørnane i Valldal kommune. Den nordlige delen av Tafjordfjella

DEKT AV SNØ: Den nordlege delen av Tafjordfjella er dekt av snø.

Foto: Tone Drabløs / DNT

Og meir snø, betyr meir vatn i magasina når snøen smelta. På kartet frå senorge.no kan ein sjå på dei mørkeblå felta kvar det er uvanleg mykje snø akkurat no.

Skjermdump av uvanleg store snømengder i Midt og Nord Noreg.

SNØMENGDER: Den mørkeblå fargen på kartet betyr at det er mykje meir snø enn det som er vanleg i det området, lyseblå betyr meir snø enn vanleg. Dei oransje områda betyr at det er mykje mindre snø enn vanleg.

Foto: Skjermdump/senorge.no

Og det er venta endå meir.

– Det vil komme endå meir snø frå Stad og nordover, og halde fram med å vere kaldt i ei periode framover, seier Rafael Escobar Løvdal.