Kristiansund-fiskaren Nikolai Skomsøy drog måndag formiddag på land ein uvanleg fisk. Han trur det er eit eksemplar av typen St. Petersfisk.
Fisken høyrer vanlegvis heime i Middelhavet og i varmare delar av Nord-Atlanteren, og namnet kjem av at fisken har ein stor, mørk flekk midt på, som etter gamal tru skal vere fingermerket til St. Peter.
Skomsøy vil gje fisken vidare til Atlanterhavsparken i Ålesund.