Utviklingshemma flinke med fotball

Denne gjengen trenar ein gong i veka året gjennom og har med spelarar frå sju kommunar, for det meste frå Søre Sunnmøre. Og det viktigaste er at dei har det kjekt i lag. Sjå video over.

Video Utviklingshemma storkosar seg med fotball

Ei turnering i Bergen sist helg hadde med 1300 deltakarar og over 130 lag. Dette var ei stor oppleving for Hødd United-gjengen.

Espen Mjønes

Espen Mjønes storkosar seg med fotballen

Foto: Arne Flatin / NRK

- Det er koseleg å vere med på laget, seier Espen Mjønes.

Far til Espen, Torger Mjønes er lagleiar og initiativtakar til det heile. Han ser kor mykje dette betyr for integreringa. Han får mange positive tilbakemeldingar.

Torger Mjønes

Torger Mjønes er initiativtakar

Foto: Arne Flatin / NRK

- Mange trudde ikkje det var mogleg for sonen eller dottera å meistre eit slikt samspel som dette, seier Torger Mjønes.

Hovudtrenaren for Hødd United, Bård Dalen, er også styreleiar for Hødd Fotball. Han har med seg eit par ungdomar i trenarteamet. Og oppturane har vore mange.

Bård Dalen

Bård Dalen er hovudtrenar.

Foto: Arne Flatin / NRK

- Ein skal vere forsiktig med å seie kva som er dei største opplevingane i livet, men når ein av spelarane kjem og hiv seg rundt halsen og seier eg er verdas beste trenar, då får du ein opptur, seier Dalen.