Hopp til innhold

Utviklar ny medisin for å stoppe sauesjukdom

På Norsk institutt for bioøkonomi på Tingvoll har dei i sommar testa ut kapslar som dei til neste år skal bruke til medisin for sauesjukdom.

Kristin Sørheim ved Nibio

Kristin Sørheim ved Nibio fortel at dei no utviklar medisin som skal hjelpe lam mot sauesjukdomen alveld.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Sauesjukdomen alveld er ein giftstoff-sjukdom som angrip lever og nyrer på lam. Lamma som blir angripne får mellom anna oppsvulma hovud og gjenklistra auge og kan i verste fall døy.

Avdelingsleiar i Nibio på Tingvoll, Kristin Sørheim, fortel at dei held på med utvikle ein medisin mot sjukdommen.

– Vi jobbar med eit prosjekt for å sjå kva for stoff vi treng for å binde giftstoffet. Vi treng også å lage kapslar som vi kan gi til lamma.

Formar kapslane

Rome

Romen, som han gi sauer alveld, veks langs kysten frå Vestlandet og nordover. Bildet er tatt på Fursetfjellet i Møre og Romsdal.

Foto: Arve Stokke / Mediabasen

Sørheim fortel at det blir viktig å finne rett form og storleik for at lamma skal ete kapslane.

– Då blir kapslane liggande i magen deira å sleppe ut antistoff, seier ho.

I enkelte tilfelle kan alveld ramme 20–30 prosent av lamma i ein flokk. Nibio fekk pengar til prosjektet seint i 2014, og er no midt inne i det første året av prosjektet.

Utviklar stoffet i Oslo

Sau og lam Nord-Troms

Sauar kan bli veldig sjuke av alveld. No utviklar Nibio og Universitetet i Oslo ny medisin.

Foto: Ann-Irene Buljo / NRK

Sørheim fortel at arbeidet med å karakterisere giftstoff og å finne ei motgift går føre seg på Universitetet i Oslo, medan dei på Tingvoll testar ut dei ulike forslaga på korleis kapselen skal vere.

– Kapselen har vi gitt til lam og brukt røntgen for å sjå korleis kapselen plasserer seg i magen deira.

Den siste veka har Nibio tatt nye røntgenbilete for å sjekke at prøvekapslane framleis ligg der dei skal. Dei er enno utan antistoff. Stoffet som vert utvikla i Oslo blir ikkje prøvd ut før neste år. Ifølgje Sørheim ser det ut til at kapslane kan fungere.

– Vi har funne form, fasong og vekt som passar å gi til lam, seier Sørheim.