Utvidar på Åndalsnes

Grand Hotel Bellevue på Åndalsnes blir utvida raskare enn planlagt, seier Erik Berg, eigar og styreleiar i Classic Norway- selskapa. Svært stor pågang av gjester og stor interesse for Åndalsnes som reisemål, er bakgrunnen for at dei ønskjer å bygge på 32 nye rom. Dei ønskjer at romma skal stå ferdig til juli/ august neste år. Det var selskapa Norwegian Travel Company som driv gondolen på Åndalsnes og Classic Norway Eiendom som kjøpte det tradisjonsrike hotellet i fjor. Det er planar om å kome opp i alt 157 rom når hotellet er ferdig utbygd om nokre år.

 Grand Hotel Bellevue , Åndalsnes
Foto: Ann-Eli Nøsen / NRK