Hopp til innhold

Utvidar anlegget i Aure

Marine Harvest utvidar oppdrettsanlegget sitt på Tustna i Aure.

Settefiskproduksjon Aure

Marine Harvest utvidar anlegget sitt på Tustna i Aure.

Foto: Marine Harvest

Det skriv selskapet i ei pressemelding.

Anlegget i Aure vil dermed bli Marine Harvest-gruppa sin største biomasseprodusent på land.

– Dette blir eit viktig bidrag i vår strategi for å redusere produksjonstid i sjø. Det er meir enn ei tredobling av vekta i forhold til ein stor del av smolten (smålaks) som blir levert frå andre settefiskanlegg i dag. Smolten blir både større og betre, seier direktør for Marine Harvest Region Midt, Ørjan Tveiten.

Viktig for å redusere lakselus

Marine Harvest skriv i pressemeldinga at dette vil bli eit stort bidrag for å redusere utfordringane med lus i sjøen.

Ørjan Tveiten

Direktør for Marine Harvest Region Midt, Ørjan Tveiten.

Foto: CF Wesenberg

– Vi ser at større smolt totalt sett får mindre utfordringar. Færre biologiske utfordringar og høgare startvekt gir redusert produksjonstid på fleire månader i sjø, seier Tveiten.

Anlegget på Nordheim vil ha ein samla produksjonskapasitet på over 2000 tonn per år. Siste trinn av byggeprosessen er venta å vere avslutta i 2018, og første smolt frå anlegget vil også setjast i sjø same år. Smolten frå anlegget skal leverast til Marine Harvest sine sjøanlegg i Møre og Romsdal og Trøndelag.

Anlegget vil bli dimensjonert for både ferskvatn og sjøvatn.