Hopp til innhold

Platebutikken måtte utvide etter vinylboom

– Dette hadde aldri vore mogleg for 10 år sidan, seier Andreas Leine Jakobsen i platebutikken Big Dipper. Midt i oktober storutvida butikken, med fokus på vinyl og platespelarar.

Big Dipper

Musikkbutikken Big Dipper i Oslo, som spesialiserer seg på vinyl, har utvida etter vinylboomet. Her frå den nye, og større butikken i Møllergata i Oslo.

Foto: Mathias Fossum

– Vi har merka ein gradvis auke dei siste åra, seier Andreas Leine Jakobsen.

Han er dagleg leiar i Big Dipper, platebutikken med utsal i Oslo og Trondheim.

– Vi har vore ei einsam svale i dette landskapet fram til dei siste åra. No har vi fått konkurranse av Platekompaniet, nettbutikkar og andre.

– Vinyl har blitt meir utbreitt, og tilbodet av plater er nesten like stort som i vinylalderen. Og det berre aukar, fortel Leine Jakobsen.

Saka held fram under bildet.

Andreas Leine Jakobsen

Andreas Leine Jakobsen, dagleg leiar i platebutikken Big Dipper, fortel om enorm oppsving i vinylmarknaden. Her er ei stund før opninga av deira nye butikk.

Foto: Privat

Heldt fram då andre la ned

Av heilt reine musikkbutikkar er Big Dipper det nærmaste ein kjem ei kjede i Noreg. Dei har altså to butikkar, begge av det større slaget.

Dei har haldt ut medan mange konkurrentar og vener i musikkbransjen har lagt ned og gått konkurs.

Big Dipper

Big Dipper har spesialisert seg på vinylplater og platespelarar.

Foto: Mathias Fossum

I 2006 såg dei trenden med vinyl, og butikken valde å halde fram.

– Vi såg ein oppsving i salet. Sidan 2006/2007 har salet vårt av vinyl auka med minst 20 prosent kvart år, fortel Leine Jakobsen.

Han viser til 2006 opp mot i år: – Vi selte vel i underkant av 5000 plater i 2006. I år blir det nok i minst 45.000 vinylplater ut.

Og kva er grunnen til oppsvinget?

– Høgtidsaspektet har vore vekke

– Tilbakemeldinga eg oftast får er at folk vil tilbake der ein har følelsen av å ha albumet mellom henda.

– Å kjøpe ei vinylplate er noko som forpliktar. I dag tek ein med seg musikken overalt, og den blir konsumert. Eg tenkjer at høgtidsaspektet med musikken har vore vekke. Det er nok hovudgrunnen til at vinylsalet no aukar, meiner Leine Jakobsen i Big Dipper.

Han fortel om mange ferske menn og kvinner i vinylverda.

– Det er utan tvil mange «nykjøparar». Det yngre publikummet strøymer til vinylen.

– Men kvifor?

– Ein kjem tettare på artisten eller bandet, og det oppstår ein forpliktande relasjon når ein kjøper ei vinylplate. Vinylen gjev litt meir tilbake enn ei lydfil på ein PC, trur Big Dipper-leiaren.

Han seier i tillegg at lydkvaliteten spelar inn.

– Ein får ei avspeling som øyret nok synest er meir behageleg.

Saka held fram under bildet.

Big Dipper

Kvadratmeter etter kvadratmeter, fullspekka med vinyl. Det er ståda for Big Dipper etter utvidinga.

Foto: Mathias Fossum

Kanskje 50 butikkar?

Grunnane kan vere mange, men vinylsalet har utan tvil eksplodert. Det skjedde derimot litt for seint for mange platebutikkar.

– Av reine platebutikkar er det svært få igjen. Vi er ein av dei aller siste butikkane i Noreg som berre fører musikk.

Leine Jakobsen og Big Dipper er sjølv vinylgrossist. Han har ei kundeliste på 30 butikkar.

– Om ein ser litt breitt å det så er det kanskje 50 musikkbutikkar igjen i Noreg, trur han.

– Hadde fleire musikkbutikkar vore nedlagt utan «vinylrenessansen»?

– Ja, det trur eg nok. Platebutikkar som var konkurstruga har fått eit vidare liv av denne nye vinylalderen.

– Men oppblomstringa av vinyl skal kundane sjølve ha ein stor del av æra for. For etterspurnaden har vore der, meiner Leine Jakobsen.

– Største vinylbutikk sidan vinylens død

Og for Big Dipper-leiaren har auka etterspurnad enda i ekspansjon.

Fredag 12. oktober flytta butikken inn i nye lokale i Oslo.

– Det er 200 kvadratmeter med musikkbutikk midt i Oslo sentrum. Hovudvekta er på vinyl og platespelarar. Det er den største vinylbutikken i Noreg sidan vinylens død.

Med ny butikk mimrar Leine Jakobsen så lett tilbake i tid:

– Dette hadde aldri vore mogleg for 10 år sidan, der vi heldt til i ei sidegate på Grünerløkka. Det seier litt om korleis etterspurnaden har auka.

– Men ikkje minst har tilgangen på vinyl auka! På 90-talet hadde vi ikkje klarte å fylle ein butikk på denne størrelsen om vi prøvde, meiner Leine Jakobsen.

Saka held fram under bildet.

The Beatles i 1969

The Beatles er framleis aktuelle, og det 50 år etter platedebuten.

Foto: Bruce McBroom / CAMERA PRESS DIGITAL

Vinylsalet følgjer ikkje hitlistene – sjølvsagt

I dag er det derimot svært så mogleg. Store band, i utlandet og i Noreg, serverer nye album elektronisk, på CD og som LP på vinyl.

– Enkelte artistar sel i dag svært så anstendige nummer vinylplater. Nedgangen i musikksalet har prega dei siste fem år, men vinylen er noko som skaper engasjement.

Mods - "Revansj!"

Mange plater har blitt gjevne ut på nytt dei siste åra. «Revansj!» av Mods er éi av dei platene.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Kva sel de mest av?

– Vi sel mykje av store norske rockeband, som Motorpsycho og Kaizers Orchestra. Men sidan vi rettar oss til det mest dedikerte publikummet, så vil det alltid vere mykje rart ein sel mykje av.

– Som for eksempel?

– Vi kan selje store mengder av ei obskur progplate som aldri blei gjeven ut på 70-talet men som plutseleg ser dagens lys på vinyl. Det er ein typisk bestseljar.

– Det er ikkje dei som endar høgst på hitlister og streaminglister som sel mest her, slår Leine Jakobsen fast.

Gammal rock, metal, punk, indierock og jazz er sjangrar det blir selt mykje i. Den kommersielle popen står er ikkje vinylvinnarar, fortel Big Dipper-leiaren.

Produksjon av vinylplater

Mange seier lyden ein får frå vinylplater er betre enn alt. Det er derimot dyrt å produsere vinylplater.

Foto: Mark Humphrey / AP

– Har overlevd alle drapsforsøk

I november nemner han samleboksen frå legendariske The Beatles som ei vinylutgjeving som vil fyke ut dørene.

– Eg trur The Beatles-katalogen er noko som rekrutterer mange nye vinyllyttarar. Dei skal på ein måte høyrast på vinyl, og denne utgivinga held nok svært høg kvalitet.

Salet går som det grin, og utvidinga er eit faktum for Big Dipper og Andreas Leine Jakobsen.

– Hadde du, i dine villaste fantasiar, trudd at vinylen skulle returnere når du stod der for 10–15 år sidan?

– Nei, det trur eg ikkje nokon har hatt moglegheita til å sjå føre seg. Men ein kan faktisk forstå det.

– Korleis då?

– For vinylen er i ei særstilling. Ein kjenner dragninga og suget. Ein drøymer om vinyl om natta.

– Vinylplatene har overlevd alle drapsforsøk frå musikkbransjen. Dei ville på eit tidspunkt utrydde dei store platene, dyre i produksjon. Men platene er så høgt, så høgt elska, avsluttar Leine Jakobsen.

Kva synest du om vinyl som musikkformat? Og er lyden frå vinyl eigentleg betre enn det ein får frå ein CD eller ei fil? Sei meininga di i kommentarfeltet under.