Hopp til innhold

Utstyret for vassbombinga er ikkje klart

NVE skal gjere eit forsøk på å kontrollert løyse ut delar av fjellmassivet i Mannen, dersom mildvêret kjem. Men utstyret treng reparasjon.

Fjellet Mannen i Romsdalen

Sjølv om det er fint ver og kaldt på fjellet Mannen no, bevegar det seg ein centimeter i døgnet.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Kvart døgn bevegar det rasfarlege partiet ved fjellet Mannen seg ein centimeter, sjølv om det er finever og kaldt. Ekspertane har dei siste åra sett at fjellet reagerer meir på nedbør seint på hausten. Geolog Lars Harald Blikra seier at det er kaldt i høgda, men at bevegelsane kan endre seg dersom det blir nedbør.

– Kva som skjer er avhengig av kva ver vi får, seier Blikra. For at fjellet skal rase må ein få store nedbørsperiodar før det blir for kaldt.

Bombe fjellet med vatn

Lars Harald Blikra

Geolog Lars Harald Blikra seier at vêret dei neste vekene er avgjerande for kva som skjer med det rasfarlege fjellpartiet.

Foto: Roar Strøm / NRK

Bebuarane ved det rasfarlege fjellpartiet har blitt evakuert tre år på rad og NVE har bestemt at dei vil bombe fjellpartiet med vatn før vinteren set inn. Planen er å pumpe vatn opp i store tankar frå baksida av fjellet og pøse vatn inn i sprekkane, når det er mykje nedbør.

Utstyret som trengst er ikkje heilt på plass.

– Vi vart ikkje ferdig med tilrettelegginga før den siste nedbøren kom. Noko av utstyret treng reparasjon, seier Blikra. Han håper at utstyret skal vere klart dersom mildvêret kjem og ein får ein nedbørsperiode.

LES OGSÅ:

Verdt forsøket

Kor sikker er du på at det kan hjelpe å få ned ein del steinar?

– Vi er ikkje sikre, men vi synest det er verdt forsøket dersom det kan løyse problemet for oss og dei som bur der, seier Blikra.

Det har vore sagt tidlegare at dersom dei tilfører fjellet vatn som tilsvarar 50–100 mm nedbør når det allereie regnar og er ustabilt, kan det vere nok til å utløyse eit ras.

Se utviklingen ved fjellet "Mannen".

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL