Hopp til innhold

Jente utskriven frå sjukehus etter lynnedslag

Jenta som blei innlagd på sjukehus etter lynnedslag-ulukka på Hareid søndag, er no skriven ut. Dei to søstrene hennar omkom etter lynnedslaget.

Kirken i Hareid holder åpent etter at to søstre mistet livet etter et lynnedslag søndag 04. juli.

OPEN KYRKJE: Kyrkja i Hareid har dei siste dagane halde ope for dei som treng det.

Foto: IDUN AALBU RASMUSSEN / NRK

Det var søndag at jenta, saman med sine to søstrer, var på fjellet Melshornet på Sunnmøre. Oslo-jentene var på ferie i området.

I 17.00-tida slo lynet ned i fjellet. Dei to søstrene til jenta i tenåra, på 12 og 18 år omkom, medan ho blei alvorleg skadd.

Victoria Myrset (12) og Benedicte Myrset (18) fra Oslo omkom av lynnedslag på Melshornet i Hareid kommune i Møre og Romsdal søndag kveld.

Det var søstrene Victoria Myrset (12) og Benedicte Myrset (18) frå Oslo omkom av lynnedslag på Melshornet i Hareid kommune i Møre og Romsdal søndag kveld. Dei pårørande har gitt samtykke til at bilda av dei to kan publiserast.

Foto: Privat

Tysdag ettermiddag opplyser politistasjonssjef i Hareid og Ulstein, Hilde Aglen, at den skadde jenta er utskriven.

– Ho blei utskriven frå Haukeland universitetssjukehus i går og har det etter forholda bra, seier Aglen.

Bilde av dei to søstrene som omkom er frigjort med samtykke frå familien.

Melde sjølv frå om ulykka

Søstera som overlevde ringde sjølv politiet og melde frå om ulykka.

Jenta blei først frakta til sjukehuset i Ålesund. Ho blei seinare overført til brannskadeavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen for vidare behandling.

Vêret kom brått på

Det var eit forrykande uvêr med mykje lyn og torevêr i Hareid kommune då ulykka skjedde.

Lynaktivitet i Ulsteinvik og Hareid søndag 05. juli 2021. Skjermdump tatt ca 21.00 søndag kveld.

Slik var lynaktiviteten i Ulsteinvik og Hareid søndag 05. juli 2021. Skjermdumpen er tatt ca. klokka 21.00 søndag kveld.

Foto: Meteorologisk institutt

Fjellet Melshornet er 668 meter over havet. Turen opp tar rundt to timar, og ulykka skjedde nært toppen, ifølge politiet.

Vêret i området skapte utfordringar for redningsaksjonen. Det var til slutt luftambulansen som greidde henta den hardt skadde jenta saman med ein av dei avdøde.

Like etter henta eit redningshelikopter ut den siste søstera.

Samla seg for å minne søstrene

Måndag frigjorde politiet namnet på dei to omkomne i samråd med dei pårørande.

Åpen Ris kirke

SAMLA SEG: Venner og kjenningar av søstrene tok kontakt med Ris meinigheit i Oslo og bad om at dei opna dørene. Måndag hadde nokre av dei samla seg i kyrkja for å minne søstrene.

Foto: Anders Fehn / NRK

Både i Oslo og Hareid heldt kyrkjene ope for dei som ønska å møtes.

Dei to søstrene Victoria (12) og Benedicte (18) var medlem av Ris kyrkjelyd i Oslo. Sokneprest Jan Erik Heffermehl sa måndag at heile kyrkjelyden er i sorg over hendinga.

– Jentene hadde eit stort nettverk her. Vi har også invitert kriseteam, bydelen og skulen slik at vi kan løfte kvarandre her i nærmiljøet, sa Heffermehl til NRK.

Også i Hareid kommune er lokalsamfunnet prega av hendinga.

– Dei var her på ferie, og har ei tilknyting til området. Det er ekstra vanskeleg når det er barn involvert, sa ordførar Bernt Brandal måndag.