NRK Meny
Normal

Ullensvang med tekniske problem

Ferja Ullensvang mellom Hareid og Sulesund var i morgontimane innstilt på grunn av tekniske vanskar. Ordføraren i Hareid fortvilar og krev betring.

Ullensvang

Ullensvang har oppstartproblem i dag. Det er usikker når ferja kan gå i sambandet att.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Ullensvang måtte i dag innstille morgonens første tur og det er usikker når den går att. Norled melde klokka 10.07 at det var normal drift i ferjesambandet.

Ferja Ullensvang har fått massiv kritikk frå både kommunen og pendlarar. Ferja er om lag 30 år gamal og kritikken kom allereie før ferja starta å trafikkere sambandet 1. januar i år.

Det er berre to veker sidan sist ferja vart liggande på fjorden på grunn av tekniske vanskar. I januar var ferja ute av drift på grunn av røykutvikling i motoren. I dag er det oppstartsvanskar og dei driv no feilsøking.

– Under vanleg oppstartsprosedyrene var det noko gale med smøreoljesystemet på hovudmotoren. Vi kan ikkje starte ferja før vi har funne feilen, seier Inge Andre Utåker. Han er regionsjef i Norled.

Ikkje godt nok

Ordførar i Hareid, Anders Riise (H), vakna til tekstmelding i dag tidleg som sa at ferja var ute av drift.

– Dette er ikkje godt nok for næringslivet og alle dei som skal til og frå arbeid. Vi har åtvara mot dette mange gongar, og det ser ikkje ut som om det blir tatt på alvor, seier Riise.

Hareid kommune forventar at ferjeproblema vert ordna opp i, anten ved at ferja går ut eller at det kjem ei tredje ferje.

Kort lunte

Utåker på si side seier det er beklageleg med driftsstans, men at dei leverer eit godt nok tilbod. Ferja tilfredsstiller krava i kontrakten.

– Lunta er ekstra kort når det skjer ting på Ullensvang i forhold til andre stader, seier Utåker.

Han trur ikkje årsaka til dagens motorproblem har noko med alderen på ferja å gjere.

Norled har fem timar på seg på å reparere feilen, før dei må sette inn reserveferje på sambandet.

LES OGSÅ: