Utsett høyringsfrist
Høyringsfristen for forslaget til reguleringsplan som gjeld området der det er planlagt gondol i Sula kommune, er utsett med fire veker, og ny frist er 9. februar.
Årsaka til utsetjinga er at fleire har meldt ifrå om at dei treng meir tid til å svare.
I løpet av dei to neste vekene vil dei som eig eigedom i nærleiken av der gondol-traseen er planlagt, bli invitert til eit informasjonsmøte.
Flakk-gruppa vil bygge ei gondolbane frå Devoldfabrikken i Langevåg og til Rundehornet på Sulafjellet.
Invitasjonen blir sendt til om lag 50 hus, seier Terje Devold, prosjektleiar for gondolbana i Flakk-gruppa.