Styret i Ambulanse Midt-Norge har samrøystes vedtatt å ikkje kutte i ambulansetenesta før dei har gjort ei meir grundig vurdering. Styret valte å ta omsyn til sterke reaksjonar i kommunane.
Mange har sendt brev til styret dei siste dagane etter at det blei kjent at det kan bli færre ambulansar og dårlegare beredskap.
Vil analysere risiko
Petter Bjørdal, styreleiar i Ambulanse Midt-Norge, opplyser at dei skal gjennomføre risikoanalyse før noko blir avgjort.
– Vi skal i nærare dialog med kommunane og ulike helseføretak, seier styreleiaren.
Etter lange møter torsdag meiner styret at kutta ikkje kan gjerast før dei har vore i dialog med kommunane.
– Ikkje godt nok
Anders Riise (H), ordførar i Hareid, er så langt nøgd med vedtaket. Men meiner likevel at det ikkje er godt nok enda.
– Det er framleis mykje å gjere. No er det opp til oss i kommunane å vurdere korleis vi skal angripe situasjonen som vi framleis står i. Det er ingenting som er klart hittil, seier ordføraren.
– Kommunane må bli høyrt
Han meiner at det skulle berre mangle at kommunane vert høyrt.
– Viss Ambulanse Midt-Norge kuttar ambulansar så vil konsekvensane vere at liv går tapt, seier Riise.