Hopp til innhold

Utsetjing for Ålesund sjukehus

Regjeringa går inn for å utsetje den omfattande utbygginga av Ålesund sjukehus.

I forslaget til statsbudsjett heiter at regjeringa har merka seg at Helse Midt-Noreg har søkt om eit investeringslån på 840 millionar kroner.

På bakgrunn av den samla budsjettsituasjonen må lån til prosjektet forskyvast i tid, står det i kommentarane til forslaget.

Helse Midt-Noreg blir likevel bedne om å halde fram med planlegginga av prosjektet.