NRK Meny

Utset stenging av tunnelar

Vegvesenet utset stenginga av to tunnelar i Ålesund kveld for å unngå trafikkaos i samband med Stingkonserten. Moa- og Blindheimstunnelen er for tida stengde på kveldstid på grunn av vedlikehaldsarbeid, men i kveld utset dei stenginga til klokka 01.00. Hatlaåstunnelen blir ikkje mellombels opna. Vegvesenet oppmodar flest mogleg om å bruke kollektivtransport i samband med konserten.

Blindheimstunnelen
Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK