Hopp til innhold

Utset nominasjonen

Ålesund Frp har bestemt seg for å utsetje nominasjonsprosessen til neste års kommuneval. Det skriv Sunnmørsposten (krev abonnement). Grunnen er usikkerheita rundt kor vidt KrF kjem til å felle regjeringa til Erna Solberg. Gjer dei det mistar i tilfelle ålesundaren Harald Tom Nesvik jobben som fiskeriminister. Og skjer det er Nesvik ønska som Frp sin ordførarkandidat i nye Ålesund kommune. Nominasjonsmøtet brukar å vere i november, men blir no flytta til januar.

Harald T. Nesvik
Foto: Morten Andersen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL