Hopp til innhold

Forsvararen har ikkje tid

Rettssaka etter drapet på ei kvinne på Hotell Alexandra er utsett i tre månader, skriv Romsdals Budstikke. Grunnen er at forsvararen til den sikta mannen ikkje har tid før.

Laura Havdal

Laura Havdal er politiadvokat.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Mannen er sikta for drapet på ekskjærasten Kirsti Slinning og rettssaka skulle starte i Romsdal tingrett i byrjinga av mars. Men advokaten hans, Paal Berg Helland, er oppteken med andre saker og har ikkje tid før i midten av juni.

Til Romsdals Budstikke seier politiadvokat Laura Havdal at den sikta nordmøringen (57), vart spurt om han ville skifte advokat, men at han valde å halde seg til Helland.

Ifølgje politiadvoktane er drapssaka så godt som ferdig etterforska.

Konsekvensen for den sikta kan vere at han risikerer å sitje lengre i varetekt.

57-åringen erkjenner ikkje straffskuld.