Hopp til innhold

Utrygge i Freifjordtunnelen

Då ei vifte på fleire hundre kilo lausna og fall ned i tunnelen tysdag, var det eit uhell som føyer seg inn i ei lang rekkje...

Freifjordtunnelen
Foto: Herskedal, Kjell / SCANPIX

Freifjordtunnelen er ein del av riksveg 70 - hovudvegen til og frå Kristiansund - og dei som ferdast der er skremde.

Det bør dei ikkje vere, meiner Arnfinn Løvik, byggeleiar i Statens vegvesen: - Vi har intensivert kontrollane av vifter og lysarmatur i tunnelen og går no over dei annankvar månad, seier han.

Folk er redde

Bilistar NRK Møre og Romsdal har snakka med, har lite godt å seie om Freifjordtunnelen:

- Det er med hjertet i halsen eg køyrer gjennom han.

- Det er mørkt og vått, i motsetning til alle andre tunnelar kvir eg meg til å køyre gjennom han.

- Tunnelen er eit mareritt. Han er farleg, ikkje brukbar i det heile tatt!

 

Freifjordtunnelen interiør

Freifjordtunnelen er mørk

Foto: NRK

Ulykker kan skje

Sidan Freifjordtunnelen blei opna i 1992, har problema vore mange. Takplater har lausna, no tysdag datt ei 450 kg tung vifte ned på vegen, og heile tida renn det store mengder saltvatn frå tunneltaket.

Bussjåførane snakkar mykje om Freifjordtunnelen i pauserommet på bussterminalen i Kristiansund. Peder Sæther seier at når ei vifte har ramla ned, kan det komme fleire. Han reknar med at boltane rustar opp på grunn av alt sjøvatnet som renn inn. - Tenk om vifta hadde treft ein personbil - det kunne blitt ei alvorleg ulykke. Dessutan gjer alt saltvatnet vegbana ekstra sleip, og må ein bråbremse, kan det gå gale. Dette tenkjer vi på, vi som har ansvaret for passasjerane, seier Sæther.

Fleire kontrollar

Arnfinn Løvik

Arnfinn Løvik, byggeleiar i Vegvesenet og ansvarleg for elektro-vedlikehald i Freifjordtunnelen

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Etter at vifta fall ned, gjekk Vegvesenets folk over kvar einaste vifte i tunnelen, reingjorde opphenga og gjorde dei klar til ein grundig inspeksjon natt til torsdag. Då skal ein spesialist på området undersøkje alle opphengspunkt i tunnelen, fortel Arnfinn Løvik.

 - Viftene er 15 år gamle, og brukstida er nok ute, vedgår han. - Klimaet i tunnelen er også blitt mykje  meir fuktig. Alle saman burde vore skifta ut. Vegvesenet har planane for rehabilitering av Freifjordtunnelen ferdige til å sendast ut på anbod, det manglar berre klarsignal frå Samferdselsdepartementet. No må vi sende rapport om det som er skjedd til dei som sit på pengesekken, seier Løvik.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.