På folkemøtet i Kristiansund i går kveld då nær 300 personar møtte fram, kom det fram skepsis til sjukehusadministrasjonen.
- Farleg nær grensa
Eit nytt sjukehus på Hjelset blir farleg nær grensa til Nordmøre, meiner kristiansundarane som er redde for at eit nytt stort sjukehus på Hjelset i Molde skal ødelegge grunnlaget for eit fullverdig sjukehus på Nordmøre.
Asmund Kristoffersen (Ap)
- Sentralisering lite framtidsretta
Asmund Kristoffersen, helsepolitisk talsmann for Arbeidarpartiet meiner det er lite framtidsretta å halde fram sentraliseringa av sjukehusa.
Kristoffersen er opptatt av å behalde fullverdige sjukehus både i Molde og Kristiansund.
Fra nyttår er det ikkje lenger folketrygda,men sjukehusa som må betale pasienttransporten, og Kristoffersen trur det dempar sentraliseringsiveren.
Sykehusets venner
Det var sykehusets venner som sto bak arrangmentet i kinoen i Kristiansund i går, og truleg er desse sjukehusvennane ei kjerne på 200-300 menneske som møter opp kvarr gong. Og om dei skal gå i fakkeltog, blir naboen og familien varsla slik at talet kan to-tredoblast. Kristiansundarane har rett og slett liten tillit til sjukehusadministrasjonen