Dei andre det gjeld er Bjarni Thorsteinsson. Islendingen er ikkje nøgd med kontraktstilbodet frå MFK, og hamnar truleg i ein dansk klubb. Til Romsdals Budstikke seier venstrebacken at lønna han skulle få i Molde FK ikkje var god nok. Aalborg er ein av dei mest aktuelle klubbane for landslagsspelaren.
Tynt i forsvaret
Frå før har David Ljung varsla at han vil bort. I tillegg forsvinn Petter Christian Singsaas til Steinkjer. Dermed kan det verte tynt i forsvarsrekka til MFK neste sesong. I alle fall må klubben kjøpe nytt i tillegg til at nokre av dei unge talenta kan få sjansen. Til dømes Erlend Ormbostad som har vore innom U-landslaget.
Men også andre er på veg bort. Fredrik Gustafson har fått tilbod frå ein svensk klubb, og må bestemme seg i løpet av helga. Også Olafur Stigsson kan forsvinne frå MFK. Han skal også bruke helga på å tenke.
Rudi tilbake ?
Berg Hestad er borte
Frå før er også Daniel Berg Hestad borte for Molde, men Petter Rudi kan verte erstattaren. I følgje Romsdals Budstikke er den gamle Molde-helten høgaktuell. Austria-spelaren har hatt samtalar med MFK om ein overgang tilbake til heimbyen. Også Amund Skiri er ønskt av MFK. AaFK-kapteinen har bedt om tenketid. Det vert med andre ord spennande dagar for MFK-patriotane før trenar Reidar Vågnes veit kva spelarstall han har å rutte med til 2004-sesongen.