NRK Meny
Normal

Utklassing i Rosenes by

Eit MFK i fyr og flammer enda opp med åttemålssiger og kvartfinalebillett. Brann sendt heim som ein oskehaug.

Magne Hoseth feirar si 8-0-scoring under cupkampen mellom Molde og Brann på Aker stadion.

Magne Hoseth feirar si 8-0-scoring under cupkampen mellom Molde og Brann på Aker stadion.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

Allereie etter 5 minutt opna heimelaget skåringsshowet. Jose Mota sette inn 1-0.

Mame Biram Diouf
Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

Hattrick for Biram Diouf

Før pause auka Mame Biram Diouf (13 minutt) og Magne Hoseth (32 minutt), og gjorde at heimelaget kunne gå til pause på stillinga 3-0.

Etter pause var det ikkje rolegare på Aker Stadion. Mame Biram Diouf og Magne Hoseth auka til 5-0 allereie etter 51 og 52 minutt av kampen, og same Biram Diouf sikra seg sitt tredje for dagen når klokka viste 55 minutt spelt.

Klar for kvartfinale

Kaptein Daniel Berg Hestad ville ikkje vere verre, og putta Molde sitt sjuande mål etter 63 minutt, før Magne Hoseth fastsette resultatet til 8-0 fem minutt før full tid.

Dermed er Molde klare for kvartfinale i NM. Frykta for at laget ikkje ville nullstille seg etter utklassinga av Vålerenga i helga viste seg dermed å vere ubegrunna.