NRK Meny

Utforkøyringar også i natt

Etter fleire trafikkulykker på glatt føre i løpet av gårsdgen, roa det seg ut over kvelden. Men både på utsida av Nebbetunnelen på Åndalsnes i Rauma, ved Dragsundet i Skodje og i Rensvikbakken i Kristiansund var det trafikkulykker i går kveld eller i natt. Ingen av stadene blei det personskade, og ulykkene medførte ikkje stengde vegar.